top of page
TK promo2.png

Førstehjelpskurs

Vel oss som leverandør

vi gir deg opplæring du kan stole på når det verkeleg gjeld.

Kvifor kvalitet på førstehjelpskurs faktisk betyr noko

Det finst mange aktørar i marknaden – og i Noreg kan i praksis kven som helst tilby førstehjelpskurs.
Det er ingen krav til formell utdanning eller oppdatert kompetanse innan akuttmedisin.

For deg som oppdragsgivar betyr det éin ting:
⮕ Kvaliteten på kurset du kjøper, kan variere stort.

Vi ser dessverre at mange kurs vert halde på grunnlag av avgrensa erfaring eller utdatert kunnskap.
Konsekvensen kan vere vranglæring – og i verste fall ei falsk kjensle av tryggleik hos deltakarane.

Du trur du har investert i tryggleik – men har eigentleg kjøpt noko heilt anna.

Vanlege fallgruver

Internundervisning
Ein tilsett blir sendt på kurs og skal lære opp resten.
⮕ Ofte ei sårbar løysing der kompetansen blir både avgrensa og raskt utdatert.

Tidlegare ambulanseerfaring
Erfaring er verdifullt – men akuttmedisin utviklar seg raskt.
⮕ Kunnskap frå 10–15 år tilbake er ikkje nødvendigvis riktig i dag.

Kva skil oss frå resten?

God opplæring handlar ikkje berre om erfaring –
det handlar om oppdatert kunnskap, praktisk relevans og trygg formidling.

Hos oss får du:
✔ Instruktørar som jobbar aktivt i akuttmedisin
✔ Undervisning basert på gjeldande retningslinjer
✔ Praktisk og realistisk trening
✔ Kurs som gir reell tryggleik – ikkje berre teori

Vår hovudinstruktør er aktiv paramedisinar og har vore del av den nasjonale kompetansegruppa som har utarbeidd og godkjent HLR-retningslinjene i Noreg.

Kort sagt

Når det verkeleg gjeld, held det ikkje med “eit kurs”.
Du treng kompetanse du kan stole på.

⮕ Vel ein leverandør som jobbar med dette – kvar dag.
 

Førstehjelpskurs Grunnkurs
Førstehjelpskurs
Helsepersonell
Familiekurs

Vi tilpassar kurs til dykkar behov. Ta KONTAKT

Tilpassa ditt behov

Ta kontakt så setter vi saman eit kurs som er tilpassa dykkar behov.

Vi anbefalar at alle har ein årlig gjennomgong av hjerte og-lungeredning

Trygg Kvardag
bottom of page